Tonga gard – og gardsbryggeri

Stein Harald Døving og Synnøve Bjørnstad

Tonga er garden vår som ligg i Norddal på Sunnmøre, i vakker natur- midt mellom fjord, fjell og Herdalseter i verdsarvområdet. På Tonga har ølbrygging gått i arv i fleire generasjonar, frå tida då vatnet vart kokt på vedomn og ølet vart brygga i store tre-stampar. Her har veggane høyrd mang ein prat om det vi betraktar som verdifull innsikt, vitskap og lærdom om bryggekunsten. 

Vi er stolte av å brygge vidare og servere øl frå denne gardsarven, som bryggemeisteren har vokse opp med.
I dag er utstyret nymotens og vi tek med oss lidenskapen for nydeleg øl og dei autentiske tradisjonane vidare. 
Alle oppskrifter er våre eigne og alle øl er gjæra under trykk som gjev dei heilt naturleg kolsyre. Vi tek vare på handverk og tradisjon, som går hand i hand med nye smakar og gode opplevingar.

 Ølet bryggast av ein norddaling og ein kvamvær som fann tonen ein kald vårdag

 

Bryggmeisteren

Eg var alltid med farfar eller far min i bryggekjellaren når eg var smågut. Og tidleg i tenåra brygga eg mitt fyste øl, på ei blikkspanne oppi ei steinrøys i nærheita. Dette var vel med mindre hell og ikkje så godt. Men interessa var stor og mykje lærdom fekk eg med meg frå bryggekjellaren til far min. Her brygga vi i gamalt trekjereld og kokte vatn på vedgrue. Med einelåg, eigendyrka humle og gardsgjær som er godt over 100 år gamal. Det var viktig å eige gardsgjær. Slik hjalp og bøndene i bygda kvarande, dei bytta gjær ved behov. Denne har vi fortsatt på garden. 

Etterkvart vart kvaliteten på ølet betre og betre, og riktig så godt. Eg gjekk gradvis over til meir moderne utsytr. Lidenskapen og draumen var stor, var det mogleg å kunne starte eit bryggeri? 

Eg starta etterkvar og lage rustfrie bryggekjelar- og tankar,  og fekk laga trykktekke gjæringstankar. Søkte om tilvirkarløyve, i 2014 fekk eg innvilga dette. Det som hadde vore mjølkerommet i driftsbygningen hadde vorte bygd om til eit lite bryggeri og bryggeriutstyret var komen på plass. 

Med hjelp og støtte av sambuaren min Synnøve, brygga vi 5000 liter pr år og tappa ei og ei flaske for hand med ein mottrykksfyllar. Etikettar vart rulle på for hand og pakka i kartongar. Vi brygga kun sterkøl og fekk fort avtaler om å levere til lokale hotell, pubar og restaurantar. 

Dei 5000 litrane fekk kjapt bein å gå på, og vi innsåg fort at dette var både for tungvint og for liten produksjon. Vi måtte ta ei val, eg og Synnøve bestemte oss for å satse på bryggeriet. Vi fekk litt støtte fra kommunens næringsfond og frå Innovasjon Norge til å bygge om ein større del av driftsbygningen på garden. Ellers var det eigenkapital og banklån som finansierte utstyret. Saman med Synnøve etablerte vi Tonga Gardsbryggeri as. 

Hausten 2015 var lokalet og utstyret på plass, og vi tok fatt på større kvanta og brygging også til dagligvaren i januar 2016. Synnøve fekk fulltidsjobb og eg jobba alle ledige timar eg hadde i bryggeriet, utanom min faste jobb. Mykje har skjedd på desse få åra, vi har bygd pub i Silo’n og vi ynskjer å skape gode opplevingar i og rundt bryggeriet. 

Synnøve Bjørnstad

Eg kjem i frå Kvam i Gudbrandsdalen og traff Stein Harald ein kald vårdag i Norddal for snart 10 år sidan. Då var min kjennskap til ølbrygging og handtverksøl heller mager. Eg dreiv akupunktur klinikk i Skjåk. Eg har heile mitt vaksne liv vore sjøvstendig næringsdrivande og vil betegne meg sjølv som ei grundertype. Det å skape noko, bygge opp stein for stein, er ein lidenskap eg har. 

Det tok ikkje lenge før eg byrja ta del i- og lære meir om kva for vitskap, arbeide og kultur som låg bak den tradisjonelle ølbrygginga på Tonga. Eg vart fort  biten av den store brygge interessa til Stein Harald. Eg lærte i frå bryggmeisteren i bryggekjellaren med trekjereld og viare trinna fram til eit større bryggeri. No bryggar og tappar eg, driv den dagle drifta av bryggeriet med ansvar for salg, marknad og distribusjon. 

Nyutvikling står høgt på mi liste og utvikling av nye produkter, konsept og gode opplevingar i bryggeriet er noko eg viar mykje tid til. Følg med, det skjer stadig spanande ting framover.

 

Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as