Tonge Tores

IPA
7,5 %
0,5 l

Tonge Tores Ipa er ein hyllest til bryggemeisterens bestefar, Tonge Tore. Han visste å sette pris på godt øl. Når han fyra opp i bryggekjelen i kjellaren, kom småstriken springande for å smaka på vørter og lære om meisking, koking og alt som høyrer bryggekunsten til. Alltid med eit god-glimt i auga fortalde Tonge Tore levande historier til småstrik-øyro vart glødande raude. Tonge Tores Ipa er ein framifrå og noko annleis Ipa, med fleire typar sitrushumle. Humlene gjev ei fruktigheit og fylde med nydeleg smak og aroma.

Server den gjerne til smaksrike rettar av kjøt, vilt og spekemat, eller nyt den avkjølt når du vil senke skuldrane. Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenk varsamt og la botnfallet vera att i flaska.

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, humle og gjær.
Allergener: Gluten.
 

Tonge Tores IPA flaske
Friskheit
5
Bitterheit
4
Fylde
6
Serveringstemperatur
8-12
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as