Jul på Tonga

2018
6,0 %
0,5 l

Tradisjonen tru, ei stund før jul vart det fyra opp i grua i bryggekjellaren på Tonga. Juleøl skulle bryggast. Når ølet var ferdig var det klart for «Oppskoke»; eit gilde der alle som sette nytappa øl høgt kom til gards. Prøvesmakinga skjedde med stor innleving, raudlege kinn og augebryna «sju minutt på to». 

Jul på Tonga er brygga for å gje god stemning rundt julemiddagen, med raud farge, moderat bitterheit, fyldig og smaksrik maltaroma, lett søtleik og smakar av karamell. Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenk varsamt og la botnfallet vera att i flaska.

Vi i Tonga Gardsbryggeri ynskjer alle ei riktig god jul! 

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, humle, havre og gjær.
Allergener: Gluten.
 

Jul på tonga flaske
Friskheit
2
Bitterheit
5
Fylde
4
Serveringstemperatur
6-12
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as