Jomfru

Amber Ale
4,7 %
0,5 l

Når du vil ha noko du aldri har hatt, må du gjera ting du aldri har gjort. Som ølbryggarfrue vart eg fort biten av interessa for ølbryggarkunsten. Nyfiken og med stor iver, leika eg med smakar av humle og malt. Mitt fyrste brygg vart til Jomfru Amber Ale. Det har farge som kopar, har ein velsmakande maltsøtleik og tonar av karamell.

Når var sist du gjorde noko for fyrste gong? No har du sjansen; prøv ei Jomfru! Ei jomfrueleg og nydeleg øl som passar både til kvardag og fest. Den er perfekt til ein god hamburger, gryterett, kjøtrett eller sjokolade. Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenk varsamt og la botnfallet vera att i flaska.

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, humle og gjær.
Allergener: Gluten.
 

Jomfru Amber ale flaske
Friskheit
3
Bitterheit
3
Fylde
4
Serveringstemperatur
5-12
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as