Honning

Stout
8,0 %
0,5 l

Tonga Honning Stout er beksvart med raud djupne. Den er brygga med sommarhonning frå Søstrene Dale som er nærmaste nabo, berre eit steinkast oppi bakken. Dei små, men arbeidsame, biene samlar nektar og pollen frå blomster i nærområdet rundt oss. Den fløyelsmjuke og velduftande honningen har vi tilsett i ølet for å gje ein fyldig og god søtleik.

Honning Stout er ein smaksrik og styrkande drikk med lukt av honning, fyldig maltaroma med smakar av mørk sjokolade, kaffi og lakris. Passar utmerka som ein dessert i seg sjølv eller til mørk sjokolade, kaffi og kraftige kaker. Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenk varsamt og la botnfallet vera att i flaska.

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, havre, humle, honning og gjær.
Allergener: Gluten.
 

Honning Stout flaske
Friskheit
3
Bitterheit
4
Fylde
6
Serveringstemperatur
5-8
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as