Drengen

Lys lager
4,7 %
0,5 l

Når bygget på Tonga var klart for å haustast, var det drengen si oppgåve å treske kornet, pakke det i striesekkar og leggje det til bløyt i bekken i tre døgn. Deretter vart det lagt for å spire og gro tre nye døgn, før det vart tørka i tørkestova. Med den gode karakteristiske lukta og smaken hadde det no vorte til malt, - klart til ølbrygging. Drengen måtte berre sjå og læra av bonden sjølv når ølet skulle bryggast. Bonden hadde mange års erfaring og drengen følgde nøye med på det gode handlaget han hadde.

Drengen er eit framifrå allemannsøl som passar både til kvardag og fest. Lyst, friskt og godt balansert. Fukt strupen eller nyt det saman med skaldyr, kylling eller pizza. Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenk varsamt og la botnfallet vera att i flaska.

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, humle mais og gjær
Allergener: Gluten.

Bilde av flaske Drengen lys lager
Friskheit
5
Bitterheit
3
Fylde
4
Serveringstemperatur
5-6
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as