Bjønnstein

Pale Ale
6,0 %
0,5 l

Bjønnstein ligg midt i eit verdifult og naturskjønt jaktområde i Herdalen verdsarvområde. Bjønnstein Pale er den mest tradisjonsrike øla vår. Oppskrifta har fylgd garden i fleire generasjonar. Den vart ofte brygga til å nytast etter fine jaktdagar i jaktbua ved Bjønnstein, med gode historier i lystig lag.  

Den har ein utmerka balanse og eit kraftig preg av maltaroma og fyldig kropp. Med ein moderat bitterheit og lett preg av sitrus, passar den godt til rettar av vilt, spekemat og  gryterettar.  Ølet er ufiltrert, derfor botnfall. Skjenkast varsamt og la botnfallet væra att i flaska.

Inneheld

Kjeldevatn frå verdsarvområdet Herdalen, byggmalt, humle og gjær/ Allergener: Gluten.

Bjønnstein Pale ale
Friskheit
3
Bitterheit
4
Fylde
5
Serveringstemperatur
8-12
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as