AUSTAVIND

Pilsner
4,7 %
0,5 l

Seinsumars i august når slåtten på Herdalssetra er teken, er det ofte ein fin og mild austavind, ein herleg varme og nydeleg solskin om ein er rett heldig. Slåtteølet har drengane for lengst sett til livs. Eg ville lage ei øl som passar å sløkkje tørsten med i «hoslåtten» som vi seier her. Når det regna på presten dryp det som kjent på klokkaren og eg regnar med drengen vert fornøgd med ei pils å sløkkje tørsten med. Dette inspirert meg til å lage øla Austavind.

Austavind pilsner er ei lys, gylden lager øl som  smakar best på dei varmaste dagane, etter ein tur i fjellet eller etter ein hard arbeidsdag. Austavind er svært leskande og friskus av ei øl. Med god maltaroma, moderat bitterheit og eit hint av sitrus har øla ei nydeleg fruktigheit.

Austavind vil kunne gje deg den gode avslappa, fredagskjensla. Den passar til salte, godt krydra rettar. Øla er utvikla på moderne vis, men med solide tradisjonar i ryggen er den eit veldig godt alternativ til deg som set pris på ei god øl.

 

Austavind
Friskheit
5
Bitterheit
3
Fylde
3
Serveringstemperatur
4-8
Tonga Garsdbryggeri 2019 Alle rettighetar. — Utvikla av Oneiros as